Lokal | 23. apr. 2013

Krev folkerøysting om OL

Eit samrøystes kommunestyre krev at regjeringa legg opp til ei nasjonal folkerøysting om Noreg skal søkje vinter-OL i 2022.

Krev folkerøysting om OL
Harald Døsen (midt i bilete med grå vest) fekk resten av kommunestyret med seg på å kreva ei folkerøysting om Noreg skal søkja vinter-OL i 2022 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 23. apr. 2013 19:10

Skal staten og skattebetalerane betala 67% av kostnadane ved eit Vinter-OL i Oslo i 2022 så bør saka vera ei gjenstand for ei nasjonal folkerøysting meiner Harald Døsen (Ap).

– Dette dreiar seg ikkje om for eller imot idrett.

– Det dreiar seg om demokratiet, argumenterte Harald Døsen då han stilte spørsmål om ordførar Terje Søviknes (Frp) kunne førebu ei sak om dette til neste kommunestyremøte.

– Vi tek det no

Døsen fekk eit meir positivt svar enn han hadde håpa på.

– Dette handlar om prinsippet om demokratisk medverknad på om nasjonen skal søkje OL.

– Eg ser ikkje grunn til å gjera det vanskelegare enn det er. Kommunelova opnar for å realitetshandsama spørsmål som blir reist frå representantane om ikkje møteleiar eller 1/3 av kommunestyret motset seg det. Frå mitt ståsted bør vi kunne realitetshandsama det med ein gong.

– Er det nokon som går mot det, undra Søviknes.

Han fekk eit stilletiande samtykke til å handsama saka med ein gong.

Mellom 20 og 25 milliardar

I argumentasjonen til Døsen trakk han fram at den statlege garantien vil vera på mellom 20 og 25 milliardar om Noreg søkjer OL.

– Oslo og Akershus er per i dag positive, medan resten av landet er negative.

– Totalt i Noreg syner undersøkingar at 40 % vil ha OL, medan 49 % ikkje vil ha det.

– Difor meiner eg det er rett og rimeleg at det norske folket får seie si meining gjennom ei folkrøysting, argumenterte Døsen.

Skal bidra med 67%

Finansieringa av eit vinter-OL er tenkt fordelt med 11% frå idretten, 22% frå Oslo og Akershus og 67% frå staten.

– Dette er enno eit argument for folkerøystinga.

For dyrt i Tromsø, men ikkje i Oslo

Eit anna moment Døsen trakk fram var at då Tromsø ville søkja i 2018 blei det argumentert at prislappen på 25 milliardar var før høg og at det ville gå utover byggjing av anlegg i andre delar av landet.

– No når prislappen er minst like høg, hevdar idrettspresident Børre Rognlien at det ikkje vil gå utover anlegg andre stadar i landet, refererte Døsen med ein viss skepsis i stemma.

Vedtaket

Eit samrøystes kommunestyret fatta dette vedtaket:

Os kommunestyre ber Storting/Regjering leggja opp til ei landsomfattande folkerøysting når det gjeld søknad om OL i Oslo i 2022.

Os kommunestyre oppfordrar andre kommunar til å gjera det same.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.