Kranselag på Lunde barneskule
Bygginga av rundt 3000 nye kvadratmeter på Lunde er i rute. I dag blei det servert kake.
Tilbygget på Lunde barneskule, som skal stå klart til bruk med blant anna ni nye klasserom august 2017, er kome langt nok i byggeprosessen til at det i dag blei halde kranselag.
– Målet var å ha tett hus til jul. Klasseromfløyen har fått vindauge og eg trur vindauge til adminsitrasjon og gang er på plass før juleferien, seier prosjektleiar Tor Inge Døsen i Os kommune til Midtsiden.
Saman med ordførar Terje Søviknes og anleggsleiar Haakon Anderssen frå Hordaland Bygg og Eiendom AS var han blant dei som hadde ordet i dag.
– Minner om refleks og trafikk-rutinar
Leiinga ved skulen seier drifta av skulen går fint parallelt med byggearbeidet.
– Innimellom må vi og FAU minna foreldre på at ungane bør bruka refleks, og om kvar dei bør setja av ungar som blir køyrd, at ikkje alle treng å bli køyrd til døra.
– Elles går det veldig bra. Vi har litt mindre uteområde for tida, men anleggsarbeidarane er flinke til å kasta fotballar etter bomskot tilbake til elevane, seier undervisingsinspektør Thomas Lorentzen-Styr.
3 x 924 kvadratmeter
Tilbygget blir på tre etasjar, kvar av dei med lengde på 66 meter og breidde på 14 meter.
Les òg: Nye etasjar på Lunde
To av etasjane skal innreiast og bli tatt i bruk i første trinn. Som nye Lysekloster barneskule bygger Os kommune for enkel utviding i eit trinn to når behovet er der.
I tillegg blir det nokre kvadratmeter i fleire etasjar i bygget som skal kopla den gamle skulen saman med tilbygget.
– Entreprenørane skal vera ferdige i juni, så blir det ferdigbefaring og formalitetar saman med innreiing før skulestart til hausten. Sånn det ser ut no skal det halda, både med tidspunkt og budsjett, seier Døsen.