Lokal | 15. feb. 2012

Krangla og stakk

Mannen var ikkje einig med Vegvesenet og stakk frå kontrollen i avskilta bil.

Krangla og stakk
Vegvesenet hadde trafikkontroll på Søfteland tysdag (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. feb. 2012 10:46

Statens vegvesen heldt tysdag kontroll på Søfteland. Der stansa dei ein bil som var begjært avregistrert i november.

- Grunnlaget for avskiltinga skal ha vore at bilen blei solgt, men ikkje omregistrert, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

Føraren av bilen godtok ikkje avskiltinga og stakk frå kontrollposten i bilen uten skilter.

- Vegvesenet kontakta oss og vil truleg komme med ei anmelding i løpet av dagen.

Krangla med kontrollørane

Patrulja frå lensmannskontoret var ute og fekk etterkvart snakka med mannen.

- Han hadde ein anna versjon av kva som hadde skjedd og forklarte at han hadde krangla med dei på kontrollstaden i omlag ein og ein halv time før han hadde blitt så sint at han berre stakk, fortel Sperrevik.

Mannen skal ha opplevd å bli dårleg handsama av kontrollørane frå vegvesenet.

- No må partane få forklara seg, men å stikke frå ein kontrollstad i ein bil uten skilter er ikkje spesielt lurt, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.