Krangel og støy
Politiet fekk fylt natt til sundag med ei rekkje mindre saker frå krangling og trugslar til nasking og høg fart.
Med romjulsblues på Peppes var det mykje folk i Os sentrum laurdag kveld.
– Det har ikkje vore dei heilt store sakene i løpet av natta, berre diverse mindre forteelser, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.
Høg fart
Tidleg på kvelden var patrulja ute på ei runde då dei på Skeisflaten observerte ein bil som holdt noko høg hastigheit.
– Sidan dei ikkje fekk ei god nok måling på farten, så enda det med at bilførar berre fekkk ein muntleg advarsel.
Mogleg trugsel
I sentrum kom det i 0230-tida melding frå ein av utestadene om at ein person følte seg truga.
– Ein person skal ha følt seg truga av ein anna, men det skal ikkje ha vore noko fysisk kontakt.
– Då patrulja kom var den som skal ha truga vore vekke. Det er noko uklart kva som eigentleg skjedde, fortel vakthavande betjent.
Måtte halde seg unna
Litt seinare på natta krangla ein mann og ei kvinne i sentrum.
– Der var det litt klarare kva som skjedde og mannen fekk pålegg om ikkje å ta kontakt med kvinna i løpet av natta.
Natta blei avslutta med ei melding om ein sølvgrå Volvo som mogleg dreiv piratkøyring og eit litt høglytt nachspiel på Gudridflaten.
– Der fekk dei beskjed om å dempa musikken, noko dei gjorde.