Kraftige sprang på Moldegaard
Arrangørklubben tok fire førsteplassar på sprangstemnet, Fusa var best over høgare hinder.
Alle foto: Ørjan Håland.
Årleg er det to sprangstemne og to-tre dressurstemne på Moldegaard. I helga arrangerte Moldegaard Ryttersportsklubb både klubbstemne og distriktsstemne i sprang.
– Vi hadde over 30 på klubbstemne laurdag, den yngste er berre 5 år gamal. Det er vi veldig nøgd med! Dei fleste er frå klubben vår, i tillegg kom det nokre som stilte privat, fortel stemneleiar Caroline Risvold.
Arrangørane hadde håpa på fint vêr, men fekk kanskje finare vêr enn dei sette pris på.
– Til sjølve distriktsstemnet kom det 35 deltakarar. Her hadde vi håpa på oppunder 50, men det er høgsesong no og mange stemne å velja mellom, i tillegg var det kanskje FOR varmt og fint i vêret til at alle orka å koma.
Fire 1. plassar til Moldegaard
I distriktsstemnet blei det gjennomført løp både laurdag og søndag, i ulike høgder på hinder og i ulike løyper.
Moldegaard stilte med sju deltakarar og hadde fleire gode plasseringar, fire av dei var 1. plass.
Marita Kristiansen tok to 1. plassar, éin i 80 cm og éin i 90 cm høge hinder og stemneleiar Risvold vann det eine løpet i 90 cm. Katrine Storum, som står oppstalla og trener på Moldegaard, mendeltok for Stord, vann 120 cm.
• Sjå komplett resultatliste på horsepro.no
Fusa best på høgare hinder
Midtsiden var på Moldegaard med fotograf under klasse 15 - MB, som har 130 cm høge hinder.
Der var det seks deltakande hestar med fire ulike ryttarar, to av dei fire ryttarane er frå Fusa Hestesportlag, dei to andre frå Stord og Kolnes (Sola/Rogaland).
– Her er det om å gjera å gjennomføra på kortast tid og med færrast feil. To av deltakarane tok løypa feilfritt, dei fekk 1. og 2. plass.
1. plass: Therese Nymark Mikkelsen (Fusa)
2. plass: Cassandra Maria Housken (Kolnes)
Therese stilte med to hestar. Ho vann med Infiné de Toxandria. Cassandra tok 2. plass med hesten Out Standing Lukas ES.
I bildeserien over ser du alle deltakarane i klasse MB.