Lokal | 15. sep. 2013
Kraftig vind søndag kveld
Det er kraftig vind og høge bølgjer frå søraust søndag kveld. Har du hugsa å sjekka båten?
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. sep. 2013 22:07
Vindstyrken har auka i Os søndag kveld og det rullar no høga bølgjer inn over Os hamn frå søraust.
Den nye brygga ved Os Sjøfront ser ut til å få gjennomgå meir enn gjestebrygga nærmare sentrum, og vinden skal halda seg rundt liten kuling i styrke fra til den løyar litt over midnatt.
Måndag er det venta flau vind og lettskya frå midt på dagen. Tysdag skal det bli både lyn og regn, men onsdag og torsdag skal det bli lettskya og opphaldsvêr igjen.