Politi | 01. mars 2023

Køyrde motsett veg: Politiet ber vedkomande ta kontakt

To tilfelle på éi veke: Politiet veit ikkje kven det er eller kvifor det skjer.

Køyrde motsett veg: Politiet ber vedkomande ta kontakt
Entreen på Lyshorntunnelen retning Bergen, frå Endelausmarka. (Foto: Nora Flatseth Trippestad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. mars 2023 08:21

Tysdag klokka 14.32 fekk politiet melding om ein som køyrde feil veg i Lyshorntunnelen.

– Meldar fortalde at det kom ein liten, raud bil mot køyreretninga, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Meldar skal ha hatt retning Bergen då bilen kom imot. Meldar bremsa heilt opp og blinka med langlys for å leia bilen ut mot det som opprinneleg er påkøyrsle retning Drange.

Dette er andre gong på éi veke at nokon køyrer feil retning i 100-sona på E39.

– Vi ser svært alvorleg på saka. Slik køyring skaper fare for frontkollisjon i høg fart.

Ein patrulje frå Bergen skal ha rykt ut utan å finna vedkomande.

– Vi ønskjer både i finna ut kven desse førarane er, og kvifor det skjer, sånn at vi betre kan forebygga, seier Lyssand, som også vil kontakta Vegtrafikksentralen for å få bilde frå nokre av dei 400 kameraene som overvaker ny E39.

Politiet ber bilførar og vitne ta kontakt.

I 08.30-tida i går hadde UP kontroll på Halhjem.

54 bilistar blei kontrollerte utan at det førte til nokre reaksjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.