Lokal | 08. nov. 2013

Køyrde med luka open

Politiet: Kystbussen med bagasjeluka open. Mann braut besøksforbod. Ingen rusa i trafikken.

Køyrde med luka open
Kystbussen køyrde med bagasjeluka open (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 08. nov. 2013 09:11

Politiet fekk i 1630-tida torsdag ettermiddag melding om at ein av kystbussane køyrde med bagasjeluka open.

– Den blei innhenta og stoppa av ei patrulje frå UP.

– Så vidt eg veit skal ikkje noko bagasje ha ramla ut, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Braut besøksforbod

Ein mann i 30-åra måtte i 21-tida bli henta av politiet på ein institusjon i Os.

– Han hadde fått forbod mot å oppsøka institusjonen.

– Då han likevel gjorde det måtte patrulja ut og fjerna han. Han vil bli meldt, seier politioverbetjenten.

Ingen rusa

Politiet hadde òg ein trafikkontroll med fokus på rus torsdag ettermiddag.

– I 1830-tida sto vi på Søfteland.

– 34 bilførarar blei kontrollerte. Alle var edrue og hadde alt i orden, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.