Lokal | 05. juni 2016
Køyrde i rus i Lysefjorden
Ein mann, rusa på fleire narkotiske stoffer, blei stoppa av UP i Lysefjorden.
Andris Hamresundag 05. juni 2016 09:27
Det var i 17-tida laurdag ettermiddag at patrulja frå UP stoppa ein mann i slutten av 30-åra i Lysefjorden.
– UP-patrulja hadde med seg den nye drugtesten som gjorde utslag på fleire narkotiske stoffer. Mannen innrømma bruk av narkotika og blei tatt med på legevakta for blodprøvetaking og fråteken førarkortet, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.
Mannen, som ikkje er heimehøyrande i Os, er meldt for tilsvarande forhold ei rekkje gangar før.
I løpet av natta har det også vore ei utforkøyring i Langedalen framkjem det i loggen til politiet.