Lokal | 30. mars 2017

Køyrde forbi politiet - via bensinstasjon

Politi i sivil sto på raudt lys mens den unge mannen fann ein snarveg. Dei ville ta førarkortet frå han, men i retten blei det diskusjon.

Køyrde forbi politiet - via bensinstasjon
Her sto politiet på raudt lys mens tiltalte køyrde forbi, via bensinstasjonen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. mars 2017 20:08

Ein fredag formiddag i oktober 2015 blei politi i sivilbil vitne til noko dei meiner var uaktsam køyring. Både politiet og tiltalte hadde retning Os på Byvegen då det blei raudt lys ved Best-stasjonen.

Politiet stoppa, som fremste bil ved fotgjengarovergangen, mens ein av bilane bak svingte inn mot Holt, tok til venstre og køyrde gjennom stasjonsområdet.

Bilen kom ut rett framfor politiet, som då hadde fått grønt lys.

Sa seg ikkje skyldig

Politiet tok først beslag i førarkortet (23/10), og dette blei stadfesta av Nordhordland tingrett 25. november. Tiltalte fekk førarkortet tilbake 25. februar 2016 og har sidan hatt det «på prøve».

I retten ba aktor om 7200 kroner i bot og tre månadar med førarkortbeslag.

Tiltalte, ein mann frå Os på rundt 20 år, møtte i retten, men sa seg ikkje skyldig.

Snittfart: 14 km/t

Tiltalte forklarte at han svingte inn på Best-stasjonen for å handle, men kom på at han skulle rekke ei ferje, og at han hadde det for travelt til å gå innom stasjonen.

Han aksellerte inne på området, men det var rett før han svingte ut på Byvegen igjen. Verken tiltalte eller politibetjenten kunne hugsa om det var personar på området og det skal ikkje ha oppstått farlege situasjonar.

Politibetjenten sto fast ved at han synest farten var høg, mens tiltalte sin forsvarar hadde rekna ut kva som truleg var snittfarten.

Stasjonsområdet er 80 meter langt. Det er raudt lys i 14 sekund og gult lys i 3 sekund. Om tiltalte har køyrd 80 meter på 20 sekund så har han ifølgje forsvarar køyrd med ein snittfart på 14,4 km/t.

«Etter en samlet vurdering er retten kommet til at det ikke er bevist utover enhver rimelig tvil at tiltaltes kjøring utgjorde en brudd på vegtrafikkloven § 3. Tiltalte skal da frifinnes.»

Tiltalte var likevel fire månadar utan førarkort. Om dette får vidare oppfølging er uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.