Lokal | 21. nov. 2013
Køyrde feil veg
Politiet: Bilførar fekk forelegg for å svinga feil. Lastebil mista jord og stein på E-39.
Andris Hamretorsdag 21. nov. 2013 09:41
Onsdag kveld blei ein bilførar stogga på Lepsøyvegen etter å ha køyrd mot køyreretningen i krysset.
– Bilføraren køyrde mot køyreretningen i krysset ved heimebakeriet på Grindavoll.
– For dette ila patrulja han eit forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Mista jord og stein
I halv ni-tida torsdag morgon fekk politiet melding om at ein lastebil som fraktar jord og stein frå utbygginga av bybanen hadde mista delar av lasta si.
– Dette skal ha skjedd på E-39 frå Unox og utover mot Halhjem.
- Vegtrafikksentralen er varsla og vil rydda opp, avsluttar Hadler-Olsen.