Køyrde feil veg
Politiet: Kvinne køyrde mot køyreretningen i rundkøyringa. Funn av grasklyppar og støy frå gravarbeid natterstid.
Ei eldre kvinne blei observert då ho køyrde mot køyreretningen i rundkøyringa på Os.
– Ho svingte inn framfor rådhuset, kor ho òg parkerte på ein merkeleg måte.
– Då patrulja tok kontakt med ho, var ho tydeleg stressa, men tok til seg formaninga frå patrulja, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.
Fann grasklyppar, manglar eigar
I Varåsen blei det torsdag funnen ein flunkande ny grasklyppar.
– Huseigar kjente ikkje til den.
– Truleg er den stole frå ein forhandlar eller frå ein som nettopp hadde kjøpt han.
– Vi har fått den inn som hittegods på kontoret, og vil freista å finna eigaren, seier Sperrevik.
Støyande, men lovleg
Torsdag kveld fekk politet melding om støyande gravearbeid i Os sentrum.
– Entreprenøren hadde fått dei naudsynte løyva frå Statens Vegvesen til å gjera arbeidet på kveld/natterstid.
– Det var difor ikkje grunn for patrulja å reagera noko vidare, avsluttar politioverbetjenten.