Kosar seg på isen
10. klassingar frå Os ungdomsskule snudde seg rundt i går og fekk undervisning på isen i dag.
Det var stilt på Banktjørna på dagtid i dag samanlikna med i helga. Men ein gjeng ungdomar hadde funne vegen. Då Midtsiden kom, vart det mistenkeleg tomt ved iskanten, og dei fleste elevane var brått i andre enden av vatnet.
– Dette er tiandeklasseelevar med valfaget fysisk aktivitet og helse, fortel lærar Stephan Plätzer.
– I går oppretta eg ei lukka facebookgruppe for faget, og difor greidde vi å snu oss rundt såpass kjapt at vi kunne vera her i dag.
Trygt?
– Er du sikker på at det er trygt? spør ein elev.
– Viss isen ber meg, så ber den deg, svarer Pläter humoristisk, og legg til at han har teke seg ei runde på isen.
Ikkje alle har skøyter, men dei som ikkje har, siglar rundt på skoa. Læraren følgjer godt med, og kjem med oppmuntrande tilrop undervegs.
Ein av dei som ikkje har skøyter er Johannes. Han er litt skeptisk til å gå så langt ut på isen.
– Men valfaget er veldig bra. Det er bra at vi får prøva forskjellige aktivitetar, og vi har enno ikkje hatt noko teori, smiler han.
Fleire erfarne
– Fleire av desse elevane har gått på skøyter før. Det synest godt, seier han og peikar ut elevar som grasiøst skjer over isen, skøytar rundt og kosar seg.
– Det er ikkje kvart år vi kan gjere dette, det er sikkert tre-fire år sidan sist, seier han.
– Normalt driv vi litt meir med ski og slike snø-aktivitetar, men det har ikkje vore noko snø enno. Men då er det kjekt å få prøva skøytene i staden!
Ute på isen vert det skøyta rundt, og gjort spede forsøk på å sparka fotball - meir eller mindre vellukka.
Elevane vel sjølve
Plätzer fortel at elevane sjølve vel kva aktivitetar dei vil prøva i dette valfaget. Det er også elevane som i stor grad viser andre elevar.
– Dersom ein av elevane driv med trampett til dømes, kan han eller ho visa dei andre elevane viss dei vel å ha trampett i ei økt. Gjennom dette faget får dei prøva veldig mange forskjellige aktivitetar. I tillegg har vi litt teori knytt til trening, kosthald og ernæring, fortel Plätzer.
- Og i morgon skal heile niandeklassetrinnet, så då blir det liv her! avsluttar Plätzer.