Korleis skal Os sjå ut?
Lesarinnlegg: Nedbygging av matjord i Os.
For dei som har vore like nysgjerrig som meg på kva “nye ideer og bedre løsninger” vil medføre i praksis, fekk vi diverre ei påminning i førre veke på korleis den nye regjeringa vil vektleggje behovet for framtidig matjord.
Då gav den nye landbruksministeren Sylvi Listhaug grønt lys for at matjord på Kuventræ og Moberg kan takast i bruk til bustadar og næringsføremål.
Vår elles så kloke ordførar meiner at dette er ei fornuftig avgjerd: Det eine området er i dag nytta til fôr til travhestar, og det andre området skal no leggjast til rette for hundar i staden for kyr.
Med andre ord: Finn vi gode nok argument og dei “rette” prosjekta, kan vi byggje ned resten av matjorda i Os også. Utfordringa er likevel at utbygd matjord ikkje kan dyrkast mat på lenger.
Sjølv er eg ikkje uroa verken for mine foreldre eller min eigen generasjon. Vi kan importere den maten vi treng frå andre land, og ettersom vi med den nye regjeringa får meir pengar gjennom avgiftskutt, skattelette og mindre utlegg til bompasseringar, har vi råd til det meste.
Eg tenkjer også at det nok er andre delar av verda som legg opp til å eksportere mat, slik at vi og våre ungar kan få tilgang på mat i framtida. Men eg er ikkje sikker. Ikkje i det heile tatt, faktisk.
Når det gjeld det estetiske er dette sjølvsagt ikkje like viktig som behovet for matproduksjon, men eg håper at det også er andre enn meg som ønskjer seg “grøne lunger” og veldriven matjord framfor å omskape stadig meir av Os til ein gedigen byggeplass.
Eg er også forundra over at “miljøpartia” Venstre og KrF, som i valkampen var svært frampå med å love utteljing for sine stemmer etter valet, no begge sit på sidelinja og ser på dette.
Til framtidige veljarar i Os vil eg avslutningsvis stille to spørsmål som de kan tenkje på til neste kommuneval:
1. Kva vil vi med matjorda vår?
2. Korleis vil vi at bygda vår skal sjå ut?
Bård Moberg
Os Senterparti