Korleis møter ein ekstremisme?
Ekstremisme og terror var teamet då Kristian Bjørkelo vitja Os vgs. – Den beste måten å møte ekstremisme med er samtalen, oppsummerte han.
Han var sjølv i ferd med å bli ein ekstremist. Villig til å gjera kva det skulle vera for å endre samfunnet i den retningen han sjølv meinte var rett.
– Eg var anarko-kommunist. Ei blanding av anarkist og kommunist. Heldigvis tok eg til vetet. Eller rettare sagt, eg var for lat og møtte for mykje motbør gjennom folk som argumenterte mot mi haldning.
– Det samtalane som fekk meg frå det, og det trur eg er det einaste virkemiddelet som fungerar. Ein må prøve å møte tankjerekka deira og påpeike konsekvensane av det ein person, som er i ferd med å bli ein ekstremist, er villig til å gjera, fortalte Kristian Bjørkelo.
Vitja fascistgruppering
I staden for å bli ekstremist sjølv, byrja han å undersøka kva mekanismer og kor, dei ofte marginale grupperingane, kjem frå.
– Eg ville forstå menneska og grupperingane gjennom å møta dei. Til dømes vitja eg CasaPound i Italia, ein politisk bevegelse med klare fascistiske trekk. Eg satt ved bordet deira, åt og drakk i lag med dei og snakka med dei, fortalde Bjørkelo til elevane ved skulen.
– Det viste seg jo i bunn og grunn at dei var opptekne av dei same tinga som deg og meg. Tak over hovudet, mat på bordet, jobb og eit godt samfunnet. Forskjellen er kva ideal ein ser opp til.
– Det er sjukt
Bjørkelo fortalde elevane at ekstremisme handlar om å gjera det ytterleggåande.
– Kva tenkjer de om det, undra han.
– Det er sjukt, kommenterte ein av elevane.
– Ja, det kan ein godt kalla det. Det som kjenneteiknar ekstremistane er at dei bruker si politiske og/eller religiøse overbevisning for å fremme si sak og sitt syn. Ofte avviker det ganske mykje frå det resten av oss tenkjer, forklarte Bjørklo som fortalte at ein gjerne delar ekstremistane inn tre.
Tre hovudgrupper
Høgreekstremistar som fascisme og nazisme, kor ein har tilføyd eit rasistisk perspektiv til fascismen.
Venstreekstremistar, kor Che Guevara var, og er, eit ikon for den ytterleggåande venstresida. Venstreekstremismen er veldig innskrenkande i kva ein får lov å tenka, gjera og meine.
Religiøse ekstremistar meiner dei har fått eit eit kall av ein gud. Islamisme og kristne ekstreme er døme på denne grupperinga.
– IS er ei slik gruppering. Dei er groteske. Her snakkar vi sjukt, sa Bjørklo til nikkande elevar.
Terror handlar om frykt
Frå ekstremismen drog Bjørkelo det vidare over til terror og terrorisme.
– Terror er gjerne virkemiddelet ekstremistane bruker som eitt virkemiddel. Terror handlar om å skape frykt.
– Historisk handla det om å skape frykt hos dei få som styrte. No handlar det meir om å skape frykt blant folket. Det har gått frå eit mål om å drepa folk med makt, til flest moglege folk utan makt. Slik som under 9/11. Terrorisme er kontroll og ein måte å styre folk på.
Må trekke lærdom
Bjørkelo fortalde elevane at det var lov å ha tru på ein sak og ville kjempa for det ein meiner er rett.
– Men, vi må ta med oss lærdom av når ein går forlangt. Det er lov til å ville endre verda og ta drastiske middel i bruk, men vi må ta innover oss kva vi er villige til å ofre.
– Klimakrisen er reell og vi må vera villige til å kjempe for å redusere den, men med fornuftige virkemiddel, påpeika Bjørkelo.