Korleis har du det? Ganske bra, eller?
Lesarinnlegg: Frp er på lag med landets pensjonistar!
Det seiest på inn og utpust i frå regjeringa at dagens pensjonistar har det godt. Og det er nok hald i, at mange har det bra. Likevel så finnest det minstepensjonistar som ikkje klarer stigande matprisar, aukande avgifter og som går glipp av pensjonspengar som staten naskar får dei.
Pensjonsreforma blei innført frå 2011, noko som medførte ei omlegging av alderspensjon i folketrygda. Reforma medførte levealder justering, årleg underregulering av løypande pensjonar og avkorting av garantipensjonen til gifte og sambuande minstepensjonistar.
Frp var åleine og stemte imot. Difor er Frp det einaste alternative som vil gjera justeringar i dagens pensjonssystem.
Vi vil bidra til eit forenkla, forståeleg og langsiktig pensjonssystem. Innføre årlege trygdeoppgjør som skal bestemmast av Stortinget basert på forhandlingar med pensjonistanes organisasjonar. At løpande pensjonar skal regulerast likt med lønnsutviklinga kvart år, slik at pensjonistane ikkje taper kjøpekraft. Samstundes vil vi fjerna avkortinga på 15 prosent av grunnpensjonen til gifte/sambuande pensjonistar.
Mange pensjonistar har det bra, men vi ønskjer at fleire får det betre!
Frp er på lag med landets pensjonistar!
Fint om fleire av landets pensjonistar vil vere på lag med oss den 9. september.
Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant, Frp