Korgafest med dei frivillige
Omlag 100 tilsette og bebuarar på Luranetunet og heimebuande eldre blei onsdag invitert på grillfest på Kyrkjetunet.
Det var god stemning i varmen på Kyrkjetunet då turgruppa til Frivilligsentralen inviterte til grillfest på Kyrkjetunet onsdag.
– Vi har vore nøydde til å tenkje litt alternativt no når Luranetunet er under ombygging. Turgruppa har mellom anna vore på skulpturvandring og på Lyngheim. No kom forslaget om at vi skulle avslutta vårsesongen med ein grillfest. Det er jo dette som er liv på øyro, smiler Stine Kobbeltvedt, kulturkonsulent i Os kommune.
Flippa burgarar
Gjennom våren har Jon og Joachim frå os ungdomsskule jobba på Frivilligsentralen gjennom prosjektet «Innsats for andre».
– I dag har dei fått fri frå skulen for å hjelpe oss her nede. Dei er grillmeisterane våre og gjer det på ein strålande måte, skryt Kobbeltveit medan gutane er fullt oppteken med å flippa burgarane og rotera på pølsene.
Enorme mengder
Frivillig-general Tove Hille fortel om ein enorm respons frå dei frivillige.
– Det var dei som kom opp med ideen. Vi stiller med grillmaten, så har dei frivillige laga tilbehøyret. Her er det enorme mengder salater, potetsalat og kaker. Vi hadde ei liste hengande inne på Frivilligsentralen, etterkvart så måtte vi seie stopp og heller oppmoda dei om å ta med ein pose kaffi.