Kor tid kjem Poker Run til Os?
Her er ruta og tidsskjemaet.
Fleire osingar deltar i årets Bergen Poker Run, som i fjor var innom Os hamn for første gong, og i år skal innom Skeisosen og Vedholmen Landhandel før turen går vidare til Våge.
I skrivande stund er det førarmøte, klokka 11 buldrar deltakarane ut Vågen frå Zachen i Bergen.
Her er ruta - tidsskjema ser du under:
Klokka 11.35 skal båtane køyra frå Hjellestad retning Korsfjorden mot Strønebrua.
Om du ikkje har båt, kan platåa under festene til Strønebrua vera gode stadar å sjå konvoien.
Elles er det også sjanse for at dei kjem i litt fart inn mot Amundsneset på Sundøy.
Poker Run skal landa på Bunnpris Vedholmen Landhandel klokka 12.15. Der vil nok fleire legga til kai for påfyll av bollar eller bensin.
Her er tidsskjema:
11.00 Avgang fra Zachen. Konvoi ut Vågen
11.15 Start utenfor Vågen
11.35 Hjellestad
11.50 Start mot Korsfjorden
12.00 Strønebrua/ Askvik
12.15 Ankomst Vedholmen
12.45 Avreise fra Vedholmen
13.00 Ankomst Mandelhuset på Våge
15.00 Avreise fra Mandelhuset
15.15 Bårdsund
15.25 Bekkjarvik
15.35 Austevoll
15.40 Krossøya
15.45 Klokkarvik
15.55 Avgang oppover Kopparleia
16.15 Ankomst Askøy bro
16.30 Felles avgang fra Askøy bro
16.40 Ankomst utenfor Bergen Havn
17.00 Ankomst til kai ved Zachen
Kjelde: bergenpokerrun.no