Lokal | 13. sep. 2014

Kor skal Os gå?

Kommunereformen: Kven skal Os samarbeida med? Bergen? Fusa og Samnanger? Kommunane rundt Bjørnafjorden? Eller skal Os stå aleine?

Kor skal Os gå?
Skal Os stå aleine, slå seg saman med Bergen, Fusa og Samnanger eller alle dei fire andre kommunane rundt Bjørnafjorden (ill: AH)
Andris Hamrelaurdag 13. sep. 2014 09:17

Bildeserie:

Ei kommune med Os, Fusa, Samananger, Tysnes og Austevoll vil få vel 32 000 innbyggarar (ill: AH)
Ei kommune med Os, Fusa, Samananger, Tysnes og Austevoll vil få vel 32 000 innbyggarar (ill: AH)
Alternativet med Os, Fusa og Samanger vil gje nær 25 000 innbyggarar (ill: AH)
Alternativet med Os, Fusa og Samanger vil gje nær 25 000 innbyggarar (ill: AH)
Os og Bergen vil, om dei blir slått saman, få vel 290 000 innbyggarar (ill: AH)
Os og Bergen vil, om dei blir slått saman, få vel 290 000 innbyggarar (ill: AH)
1 av 3

26. august sendte kommunalminister Jan Tore Sanner (H) ein invitasjon til alle kommunane i Noreg om å delta i prosessen med kommunereforma, kor målet er å gje gode og likeverdige tenester til innbyggarane, ei samla og samordna samfunnsutvikling, skapa kommunar som er bærekraftige og økonomisk robuste og å styrka lokaldemokratiet.

– 27. august hadde ordførarane, varaordførarane og rådmennene i dei fem kommunane rundt Bjørnefjorden ei samling for å få ein status på kor dei forskjellige kommunane står.

– Mi oppleving er at Samnanger sitt primærønskje er at kommunane aust for Bergen går saman, at Arna går ut av Bergen og at det blir kommunesenteret deira.

– Fusa er tydelege på at dei vil i retning Bergen og at Os er første stopp på vegen. Skulle Os gå inn i Bergen er signalet at dei vil vera med. Dei ser at dei er for små sjølv og vil inn i ein større koallisjon, orienterte ordførar Terje Søviknes (Frp) i formannskapet tysdag.

Søviknes opplever at Tysnes er veldig avhengige av kva som skjer med kommunikasjonslinene frå kommunen.

– Om det kjem ei framtidig samferdselsløysing over Bjørnafjorden så kan dei tenka seg Os og eventuelt Bergen. I dag har dei mykje kontakt med Stord og Leirvik.

– Austevoll har sin landingsstad i Bergen med ferja til Krokeide. Skulle det koma ei tverrforbinding med bru frå Reksteren til Austevoll, så kan det endra seg dramatisk. Dei har òg starta eit arbeid med å laga ein SWAT-analyse av sine eigne sterke og svake sider for å få eit grunnlagsdokument.

Er Os stor nok åleine?

Ordføraren fortalde at det er ei relativt brei politisk semje om at Os kan stå åleine med den storleiken og den folkeveksta som er venta.

– Samtidig så kan vi koma ei ein situasjon kor vi ikkje berre kan tenkja på oss sjølv, men kor vi måtta kunna ta ansvar for heile regionen.

– Vi bør difor gjera som Austevoll og starta prosessen med ei SWAT-analyse, samtidig som vi tar del i det som kjem frå fylkesmannen og KS, fortalte Søviknes, som ba om innspel frå formannskapet.

Kommunalministeren og departementet har lagt opp til eit tidsløp som strekk seg fram mot sommaren 2016. Er ikkje kommunane klare på frivillig basis til då, vil dei risikera ei overstyring frå Oslo.

Kva meiner osingane?

Lars Atle Skorpen (Ap) påpeika at reformen truleg er det største som vil skje osingar som lever i dag.

– Vi er klare på kva vi meiner, men burde vi ikkje fått ei større sak på kva osingane meiner. Departementet legg opp til innbyggardialog og stiller verktøy til disposisjon, mellom anna databasar og liknande.

– I tillegg er det lagt opp til ei støtte på 100 000 kroner som kan nyttast for å kartlegga kva innbyggarane vil.

– Folkerøysting i komplekse saker er alltid vanskeleg, men ein omfattande innbyggardialog må vi få til, svara Søviknes.

Solidariske eller eigne hensyn

Skorpen peika òg på nokre utfordringar.

– På den eine sida ønskjer vi å vera solidariske og å få til det beste for alle. Men på den andre sida sit vi i ein kommune som har pint seg ned i drift som ikkje er outstanding, og som mange lurer på om er god nok. Skulle vi slå oss saman med ein kommune som slit like mykje eller endå meir vil det bli umogleg å innfri forvetningane til innbyggarane.

– Det er andre som slit meir enn oss, kor mykje skal vi ta ansvar for totalen. Skal vi pina oss ned endå meir for å driva noko som har vist seg å ikkje vera drivverdig andre stader, så bør det væra så brei politisk semje om retningane at vi sikrar oss mot stadige omkampar.

– Vi må sjå minst like alvorleg på dei prosessane vi skal ha i eigen kommune, meinte Skorpen.

Kva med Fana?

Varaordførar Marie Bruarøy (H) ville venta litt med folkerøysting.

– Eg er ganske sikker på at vi bør starta der Austevoll startar, med å analysera oss sjølv. Kva maktar vi i dag, kva maktar vi ikkje.

– Det er ikkje ei kommune i heile landet som ikkje er i ein pressa situasjon. Vi har lent oss på veksttilskotet dei siste åra, men endringa rundt selskapsskatten vil kunne slå negativt ut for oss, difor må vi sjå på alternative samarbeidspartnarar.

– Kanskje bør vi ha ein dialog med Bergen. Ikkje det at det er naturleg å slå seg saman med dei, men kanskje er det naturleg å dela opp Bergen kommune.

– Eg hadde ikkje takka nei til å la Fana bli ein del av Os.

Har kort tid

Anders Hjelle (Tvs) peika på den korte tida kommunen har tilgjengeleg.

– Vi har forbaska kort tid. To år er ikkje mykje. Det er vel strengt tatt tre alternativ; Stå åleine, gå saman med Bergen eller få ein Bjørnafjorden-kommune.

– Vi må setja i gang med analysen før jul. Det er start ein valkamp på gang, eg trur dette kan bli eit heftig tema i den. Då treng vi mest mogleg fakta på bordet.

Han fekk støtte frå formannskapet.

– Eg er einig med Anders om at det nok er tre alternativ. Vi må ikkje koma i ein situasjon kor vi blir prakka på ein annan kommune. Det handlingsrommet er vesentleg å få avklart, påpeika Espen Aspenes (Frp).

– Det er viktig at så mange som mogleg av premissane blir omtalt. Vi kan ikkje be innbyggarane ha ei meining utan at dei har eit skikkeleg faktagrunnlag. Magefølelsen kan ikkje vera den dominerande faktoren i ei sak som dette, la Skorpen til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.