Kor kan du parkera?
Det nye bygolvet på Osøyro er i ferd med å bli ferdig, men kor har du lov å parkera?
Det nye bygolvet som er i ferd med å bli ferdigstilt i desse dagar er laga etter prinsippet om "shared spacing", altså at gåande, syklande og køyrande skal dela på plassen, i stor grad på dei mjuke trafikantane sine prinsipper.
Men kor kan du parkera, når ingenting er merka opp?
– Det vil bli merka med skilting eller på forskjellige måter i bakken, men det vil vi ikkje gjera før baldakinane med glasstak og endeleg beplantning kjem på plass til sommaren, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).
Kjem med mellombels løysing
For å synleggjera kor ein kan parkera vil kommunen komma med ei mellombels løysing.
– Vi har bestilt eindel beplantning med blomsterkasser og liknande som vil bli plassert ut i løpet av kort tid for å synleggjera korleis vi tenkjer det kjem til å bli når alt blir ferdig.
Parkering på rådhussida
For at det ikkje skal bli det komplette parkeringskaoset i julerushet har kommunen sett for seg parkering på eine sida av bydraget.
– I bydraget frå Nordisk Rom og S. Tveit innover mot Torget legg vi opp til korttidsparkering på sida mot rådhuset og butikkane som ligg der, og inga korttidsparkering på den andre sida, framfor Nordisk Rom, Jernia Sælen og Interoptikk Bakketeig. Vi vil setta opp beplantning som synleggjer dette.
Enn så lenge på torget
Ein vil også tillata parkering på "stortorget".
– Både framfor Baronsgården og på Drageset-sida vil det inntil vidare vera ope for korttidsparkering.
– Når du seier korttidsparkering, kor lenge kan ein stå då?
– Heile Osøyro har jo korttidsparkering på to timer no, så det står ved lag inntil vi utarbeider ein ny skiltplan. Då kan vil det nok kunna bli kortare enkelte stader.
Ikkje framfor flaggstengene
Før arbeidet med bygolvet tok til var det parkeringsplassar midt på torget, framfor flaggstengene.
– Der ønskjer vi å ha det ope og ber osingane om ikkje å parkere. Eg ser eindel gjer det av gamal vane, men det er eit området vi ikkje ønskjer parkering på, seier ordføraren.
Baldakinane er bestilt
Søviknes fortel at baldakinane som skal koma slik at du kan gå tørrare mellom dei ulike butikkane i sentrum er bestilt, men at dei ikkje vil bli montert riktig enno.
– No vil vi gjera oss ferdig med bygolvet og rydda oss ut av sentrum, slik at julehandelen kan foregå uforstyrra. Av omsyn til dei som driv næring i sentrum har vi ikkje lyst til å sperra innganger og tilsvarande no i julestria.
– På nyåret vil monteringa av baldakinene ta til. Då vil vi òg laga ein samla plan for den endelege beplantinga, kunst og ein ny skilltplan, avsluttar Søviknes.