Lokal | 04. juni 2014

Kor går grensa?

Kjølen kontrollerte 17 i Os og 2 av dei fekk forelegg då dei kjørte for rask båt for alderen. Er alle ungar i planande båtar i fare for å bli straffa?

Kor går grensa?
– Følg med korleis ungane oppfører seg når dei er i båt, seier Hans-Erik Thue (t.v.) på Os gjestebrygge onsdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. juni 2014 22:35

Politibåten Kjølen har vore på patrulje i skjergarden i Os i dag.

– Det har vore ein fin, men travel dag, med mykje båtar på sjøen og mange å kontrollera, seier ansvarleg for sjøtenesta i Hordaland, Hans-Erik Thue.

17 båtførarar blei kontrollert, 2 av dei fekk forelegg på 1500 kroner kvar.

– Årsaka var at dei kjørte raskare båt enn dei har lov til, fortel Thue.

Dei var begge ungar under 16 år som kjørte båtar som ifølgje Thue var tre gongar raskare enn grensa på 10 knop.

– Kan få alvorlege følgjer

Første gong ungane blir tatt med for stor motor eller for rask båt kjem forelegget på 1500 kroner. I tillegg blir foreldra ilagt pålegg om ikkje å låna vekk båten til ungane før dei blir gamle nok.

– Blir dei tatt igjen kjem det strengare reaksjonar, åtvarar Thue.

– Vi gjer samtidig foreldra merksame på at om det skjer ei ulykke med båt ungane ikkje har lov til å kjøra så gjeld ikkje forsikringa.

– Spesielt om nokon blir skadd og det kjem krav om regress kan det få alvorleg store økonomiske konsekvensar.

Aldersgrensene

Ungar under 16 år har lov til å kjøra båt med motor, men båten må ha mindre motor enn 10 hk og ha lågare toppfart enn 10 knop.

Båtførarar som har fylt 16 år kan, utan båtførarbevis, kjøra båt med makslengde på 8 meter og med motor opp til og med 25 hk.

Båtførarar som er fødd før 1. januar 1980 treng ikkje båtførarbevis.

Sjå òg: Forskrift om krav til minstealder (lovdata.no)

Kva med 9,9 hk?

Kjølen har patruljert ein del i Os denne varme, solrike forsommaren. Samtidig ser vi mange ungar i båtar med 9,9 hk påhengsmotor på.

– Alle desse planande småbåtane med 9,9 hk går fortare enn 10 knop. Kanskje går også ein 5 hk på ein gummibåt for fort. Ein eller annan stad må vel ungane starta med opplæringa, eller vil de ta også desse?

– Det spørs korleis dei kjører. Er det fin kjøring og dei har båtar som går rett over grensa, så kan dei nok kjøra vidare. Dei vi tok i dag var under 16 år og hadde 25-30 hk.

– Men vi vil oppmoda foreldre om å læra ungane godt opp, ikkje bruka båten som ein barnevakt. Kjør gjerne ut og sit på avstand og sjå korleis ungane oppfører seg på sjøen.

Nulltoleranse

– I tillegg har vi nulltoleranse når det kjem til område merka med maksfart, for eksempel i Hauglandssjøen og i Os hamn.

– Ser vi folk som kjører for fort der, uansett alder, så blir det ingen åtvaring. Då er det rett på skriftleg reaksjon, uansett alder og kompetanse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.