Kontrollerte bilførarar
To bilførarar blei kontrollert måndag. Den eine satt og søv i bilen, den andre oppførte seg mistenkeleg då han venta på ferja.
Måndag førmiddag fekk politiet melding om ein bil som sto parkert i Industrivegen, kor føraren angiveleg satt og søv i førarsete.
- Meldinga kom inn omlag 1030, meldaren reagerte på at føraren tilsynelatande sat og søv.
- Vi reiste opp og kontrollerte mannen. Alt viste seg å vera i orden, fortel politibetjent Rune Fimreite.
Sto over ei ferje
Litt seinare på måndagen fekk lensmannskontoret melding frå kollegaer på Sandvikvåg om mistenkeleg oppførsel på ein bilførar som venta på ferja.
- På ferjeleiet var det ein person i uniform frå ein anna offentleg etat.
- Då bilføraren oppdaga denne valgde han å stå over første ferja og i staden vente på den neste.
- Vi reiste ut til Halhjem og møtte den aktuelle bilen og føraren då han kom med den neste ferja. Også der viste alt seg å vera i orden.
- Kvifor han ikkje tok første ferja då han oppdaga den uniformskledde, men valgde å vente på neste fekk vi ikkje greie på, fortel Fimreite.
Mogleg innbrotsforsøk
Sundag kveld blei det oppdaga eit mogleg innbrotsforsøk/skadeverk på Nore Neset Skule.
- Nokon har forsøkt seg på hovudinngangen på skulen, men det skal ikkje ha vore nokon inne på skulen.