Lokal | 02. feb. 2013

Konsekvensane for Moberg - Svegatjørn

Lesarinnlegg, Norvald Skåtøy: Det er fleire stadar enn Søre  Øyane som vert sterkt råka av ein ny E39 gjennom Os.

Konsekvensane for Moberg - Svegatjørn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 02. feb. 2013 08:19

Ein 4-felts motorveg krev som kjent store areal, noko ein med sjølvsyn kan sjå i Åsane.

Statens vegvesen ser for seg to moglege alternativ for vegen frå Søre Øyane, omtala i sin tilleggsrapporten til KVU, som er grunnlaget for deira innstilling.

I presentasjonen Statens vegvesen hadde i Oseana 29. januar i år, vart krysset i Svegatjørn vist, men ikkje noko meir for strekninga Søre Øyane til Svegatjørn. Eg vil presentera nokre tankar om korleis dette kan verta.

Hovudalternativet:

Frå Søre Øyane skal vegen gå i dagen med bruer, kanskje nokre korte tunnellar av miljøomsyn. Dei kan tenke seg ei påkopling frå vest direkte ved Svegatjørn. 

Korleis ser dette ut?

Frå Lepsøy-området vert vegen i hovudsak lagt i dagen innover mot Gindavoll-området. Kor skal vegen så gå vidare, sør eller nord om Liafjellet?

Det er sagt at traseen skal gå i dagen, ikkje i lang tunnel under Liafjellet. Mest sannsynleg vert den kanskje å knyta seg til vegen på Moberg gjennom ein trasé lagt meir mot Særvoll over Thuen og Solbakken.

Frå Moberg må motorvegen gå vidare i dobbel tunnel og ny bru over Ulvenvatnet til Svegatjønn

Trasé nord om Liafjellet vil vel svinga nordover tett ved busetnad og skule på Nore Neset opp mot Lidl-bygget, og så kryssa Ulvenvatnet med ei ny bru for 4-felts motorveg til Svegatjørn.

Det er tvilsamt om dette let seg gjera grunna Forsvaret sine strenge restriksjonar for området. Forvaret tillet ikkje ein gong at kommunen får legga ein tursti i området langs Ulvenvatnet.

Skulle ein velje lang dobbel tunnel under Liafjellet t.d. frå området ved Grindavoll, så må det byggast ny dobbel bru over Ulvenvatnet parallelt med noverande bru.

Alternativ trase

Alternativt kan motorvegen koma inn til dagens ferjekaiområde på Halhjem og gå i tunnel under busetnaden derifrå til Moberg og følgje dagens veg til Svegatjørn.

Altså ein 4-felts motorveg inn til fergekaiområdet ved Halhjem og så i ein dobbel tunnel opp til Moberg!

Ser ein på terrenget er det overvegande sannsynleg at vegen kjem i dagen ved Lekven og derifrå går i dagen opp langs Solbakken til Moberg, for dermed å knyta seg til veg fram mot ny tunnell og ny bru over Ulvenvatnet til Svegatjørn.

Begge alternativ har vesentlege ulemper grunna nærleik til busetnad og det tett befolka området vegen skal gjennom fram til Svegatjørn.

Dagens Halhjemsveg

Einaste påkjøring til ny E39 i Os vert Endalausmarka og ved Svegatjørn.

Dersom noverande E39 over Ulvenvatnet skal verta ein integrert del av den nye motorvegen, må all trafikken til søre delen av Os (størst folketettleik), gå om Os sentrum over Mobergsbakken og Moberg og inn på noverande E39. Alternativet er å kjøra av ved Svegatjørn til Ulven og følgje dagens veg om Nore Neset.

Skal ein unngå all trafikken gjennom Os sentrum må heile noverande E39 til Halhjem verta ein lokal veg med nødvendige avkøyringar.

Konsekvensane for ny E39 kan verta ny dobbel tunnel frå Moberg og ny 4-felts bru over Ulvenvatnet til Kuventræ og ny trase opp til Svegatjørn.

Det er sagt at det skal vera 4-felts motorveg av S8 standard, med fartsgrense 100 km/t.

Eg har med dette skissert mi oppfatning av konsekvensar og realitetar for den delen av E39 utanom Søre Øyane fram til Svegatjørn . Desse forhold vil ikkje Statens vegvesen fortelja oss om og det skjønar eg, for dette er ikkje ei utvikling for Os som fleste osingar ønskar.

Dette gjer heller ikkje den utvikling som bergensregionen og kommunane i bjørnefjordsregionen treng og ønsker i eit lengre samfunnsperspektiv.

Norvald Skåtøy
Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.