Kongshaug er redda
I alle fall ut dette skuleåret.
Avisa Vårt Land meldte onsdag ettermiddag at drifta ved Kongshaug Musikkgymas skal vera redda ut skuleåret etter at signala på Stortinget går på at dei vil gjera endringar i budsjetta regjeringa har lagt og dermed redda drifta for Kongshaug ut skuleåret.
- Vi ser kor dumt det var å kutta tilskotet midt i skuleåret, seier Stein Gjelseth (Ap) til Vårt land.
Les òg: - Dette er dramatisk
Gjelseth er stortingsrepresentant og sit i utdanningskomiteen.
- Desse pengane skal vi greie å få på plass slik at dei kan driva som dei gjer no ut dette skuleåret.
Redda berre fram til sommaren
Til avisa fortel Gjelseth at det er først og fremst skuleåret 2012-13 dei no tek grep i høve til, slik at skulen skal få tid til å områ seg.
- Vi vil ha løysningar som sikrar drifta for framtida og ikkje berre halvårsdrift, seier rektor Oddvar Rotvik til avisa.
Han er glad for pengane som no kjem, men ønskjer seg langsiktigheit.