Næringsliv | 02. apr. 2019

Kongsberg-konsernet har overtatt Rolls-Royce Marine

40 tilsette på Os fekk i går ny arbeidsgjevar.

Kongsberg-konsernet har overtatt Rolls-Royce Marine
Rolls-Royce Ulven i 2014, før flytting av produksjonen av styremaskiner til Brattvåg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 02. apr. 2019 09:47

Sommaren 2018 blei selskapa einige, i starten på mars var det klart at konkurransemyndigheiter i alle berørte land og regionar godtok handelen og måndag 1. april var det formell overtaking.

Kongsberg Gruppen har kjøpt Rolls-Royce Commercial Marine, verdsatt til 5,3 milliardar, med 3600 tilsette over heile verda.

Blant desse er rundt 40 tilsette i Ulvenvegen.

– Vår avdeling jobbar med prosjektering, enginering, service og sal, seier senior visepresident i Kongsberg Maritime CM AS, Morten Bjørke Thuen.

– Vi har òg ein liten serviceverkstad, men ingen annan produksjon enn den vi kjøper av Os Maskinering.

Flytta til Brattvåg

Os Maskinering AS er ikkje berre leverandør, dei er òg huseigar.

Dei kjøpte bygget i november 2015, etter at Rolls-Royce i 2014 bestemte seg for å flytta produksjonen av styremaskiner til avdelinga deira i Brattvåg.

«Produksjonen av styremaskinene skal bli flytta til Brattvåg innan utgangen av 2016, huset skal tømast og 122 arbeidsplassar forsvinn frå Os» skreiv vi den gong.

«Urettvist og uklokt», meinte dei tilsette.

Halve lokalet Os Maskinering flytta ut av har Nor-Mær tatt i bruk.

Toppleiinga besøker Os

Kongsberg Gruppen hadde rundt 7000 tilsette frå før, og omsette for 14,5 milliardar i 2017. Rolls-Royce Commercial Marine omsette for 8,1 milliardar kroner i 2018.

– Eg er letta over at transaksjonen gjekk utan problem og at overtakinga av Rolls-Royce Commercial Marine formelt er gjennomført, seier konsernsjef Geir Håøy til Teknisk Ukeblad.

I desse dagar er det omprofilering over heile verda.

I morgon kjem toppleiinga i Kongsberg-konsernet på besøk i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.