Kultur | 12. juli 2024

Kongeskipet innom Os-skjergarden igjen

Kongeflagget var oppe då MS «Norge» segla inn mot Lysøen.

Kongeskipet innom Os-skjergarden igjen
I Lysefjorden på veg mot Lysøen torsdag i 18.40-tida. (Foto: tips@midtsiden.no/Roger Hoel)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juli 2024 12:31

Torsdag litt før klokka 19 fekk vi tips om at KS «Norge» var på veg inn mot Lysøen.

Det er berre tre veker sidan sist Kongeskipet var i same skjergard, då med dronning Sonja om bord, ut frå bildene vi fekk mens vi var på fjorden.

Dronninga var nok på veg mot Jølster, der ho ifølgje det offentlege programmet 22. juni skulle stå for opninga av det nyrestaurerte Astruptunet.

Kongeflagget var heist då «Norge» segla mot Lysøen i går. Kven av dei kongelege som var om bord er ukjent for Midtsiden.

Dei neste punkta på det offentlege programmet til kongefamilien står kronprinsen og kronprinsessa, som skal følgja OL i Paris frå 6. august og H.M. Kongen sitt statsråd på Slottet 9. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.