Konfirmantar går for vatn
Tysdag blir Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon «I kriser er vatn kritisk» arrangert. Aksjonen er ein viktig del av konfirmantane si konfirmasjonsførebuing.
Aldri før har det vore så mange store humanitære kriser på same tid. Kirkens Nødhjelp er i katastrofene med reint vant.
– No treng dei vår hjelp.
– Innsamlinga i Os skjer tysdag mellom 17 og 20. Dette er ein viktig del av konfirmantane si teneste for naudlidande. I tillegg vil mange foreldre og andre vaksne vera med å samle inn, seier kykjeverje Gerhard August Hansen.
Dette går pengane til
Akkurat no er millionar av menneske ramma av katastrofar verda over. Det siste året har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til mellom anna flyktningar i Sør-Sudan, Nord-Irak og Syria, flomoffer i Malawi, tørkeramma i Etiopia og jordskjelvoffer i Nepal.
I Etiopia har vêrfenomenet El Niño skapt den verste tørka på 30 år. Ifølgje etiopiske styresmakter vil 10,2 millionar vere trua av kritisk matmangel i 2016. Meir enn halvparten av desse er born. 5, 8 millionar menneske er i akutt mangel på vatn.
Enorm mangel på vatn
Tørka har skapt enorm vassmangel, ubrukelege avlingar og utarma beitemarker. Bøndene mister dyra sine og dermed livsgrunnlaget sitt. Det vesle regnet som har kome, har ikkje vore nok til å gi avlingar.
For å klare seg må bøndene selje dyra som har overlevd så langt i tørka. Dei blir tvunge til å selge kyr som har sørga for verdifull melk til borna i familien. No har mange snart korkje dyr eller pengar igjen. Dagne håpar fortsatt på regn, men er uroa for korleis han skal klare å drive jorda utan oksane sine.
Kirkens Nødhjelp er til stades i Ankober og fleire andre av dei verst ramma områda i Etiopia. Behova er akutte, og Kirkens Nødhjelp sørgjer for reint vatn og trygge sanitære forhold.
– Vi er i gang med nødhjelpsarbeidet og har allereie jobba førebyggande i fleire månader. Men når omfanget er så stort, treng vi all den hjelpa vi kan få, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Anne-Marie Helland i ei pressemelding frå kyrkja.