Konfirmantane nær rekord - utan bøsser
Har samla inn 137.000 kroner til no.
I fjor samla konfirmantane i Os kyrkjelyd inn 144.00 kroner under fasteaksjonen, noko som var ny rekord.
I år er konfirmasjonane utsette og undervisinga digital grunna koronakrisa. Fasteaksjonen blei likevel gjennomført, men utan bøssebæring.
– Det var flott å oppleva god og positiv kontakt med konfirmantar og føresette under fasteaksjonsveka! seier Hildur Løkken Lillestøl i ei helsing til ungdomane.
Ho takkar for innsatsen og givargleda, og fortel at årets konfirmantar er berre 7000 kroner frå å setja rekord.
Det betyr at det er samla inn rundt 137.000 kroner via oppmodinga på nett.
– Det er framleis mogleg å støtta aksjonen, legg ho til.
Du kan støtta fasteaksjonen via vipps 2426 og sms med teksten «VANN» til 2426.
Fasteaksjonen er årleg for Kirkens Nødhjelp, men i 2020 har 40.000 bøssebærarar blitt erstatta av heildigital kampanje grunna smitteverntiltak mot koronaviruset.
– Nett no prøver verda å beskytta seg mot koronaviruset, men dessverre er det milliardar av menneske som manglar dei viktigaste verktøya; såpe og reint vatn, skriv Kirkens Nødhjelp på fasteaksjonen.no.
I fjor samla aksjonen inn 32 millionar kroner, eit beløp som gir 160.000 mennesker varig tilgang til reint og trygt vatn. I skrivande stund er aksjonen på nasjonalt nivå oppe i 16,2 millionar kroner.
Innsatsen i Os gir reint vatn, over tid, til rundt 700 menneske.