Kona kan bli kasta ut
Nygifte Hatef Abidini fortviler. Om han og kona ikkje finn seg husvære i løpet av snaue tre veker kan kona bli kasta ut av landet.
Iranskfødde Hatef Abidini gifta seg i slutten av oktober med amerikanske Mahsid. Sidan den tid har dei nygifte vore på jakt etter husvære i Os, men fått avslag på alle dei har vore på visning hos.
- Sidan Mahsid er ny i Noreg ønskjer vi å leiga ei leileghet ikkje så alt for langt frå jobben min her på AMFI Os, fortel vektaren når Midtsiden møter han på senteret.
UDI med strenge krav
For at Mahsid skal kunne søka om opphalds- og arbeidsløyve i Noreg må ekteparet senda inn omfattande dokumentasjon.
- Det meste har vi kontroll på. UDI krev mellom anna at eg skal ha ei inntekt stor nok til å forsørga oss begge. Difor slutta eg på høgskulen for å kunna jobba i full stilling som vektar.
- Det einaste vi no manglar er ein kontrakt som viser at vi har ein fast bustad.
- I dag bur vi saman med foreldra mine på Danmarksplass, fortel Abidini.
Flytande bergensk
Ungguten som kom til Noreg frå Iran i 2001 fortel på klingande bergensk om ei oppvekst mykje lik sine norske kameratar.
- Eg har som dei fleste ungdommane drive idrett i oppveksten.
- Då eg var yngre gjekk det i kampsport og fotball. I dag held eg meg i form med å trena på eit treningsstudio fleire gonger i veka, fortel den aktive vektaren som i dag er norsk statsborgar.
Bahá'i
Abidini kom frå Iran fordi familien hans er Bahá'i-ar og ikkje muslimar.
- Vår religion er den yngste verdsregionen og byggjer på litt anna enn til døms islam og kristendomen. Eg er ikkje så religiøst aktiv, men ein konsekvens av trua er mellom anna at verken eg eller kona røyker eller drikker.
- Då vi gifta oss trengde vi ikkje ei borgeleg viing i tillegg fordi Noreg har anerkjend religionen, forklarer Abidini.
Bahá'i har som grunntanke at jorda er eitt land og alle menneska innbyggjarar i det same landet.
Forvila situasjon
Hatef og Mahsid er fortvila over at dei ikkje har klart å få napp i bustadsmarknaden enno.
- Vi veit jo kor prisane ligg på utleigebustader og meiner at det ikkje er noko problem. Med jobben min her, skal vi klara å gjera opp for oss.
- Eg har til og med tilbydd utleigarar at husleiga skal gå med eit autotrekk same dag som løna kjem inn på konto, men det har ikkje hjelpt, fortel Hatef.
- Kva type husvære er de på jakt etter då?
- Som eg sa så ønskjer vi oss eit husvære i nærleiken av Os sentrum eller senteret, slik at vi kan vera saman når eg har fri og ikkje treng bruka fleire timar på reisa til og frå jobb.
- Storleiken på husværet tenkjer vi bør vera frå 50-60 kvaderatmeter og oppover, avsluttar Hatef Abidini.