Kommunen vann!
Kommunen tar igjen over drifta av heile Luranetunet. - Det tilbodet som kom frå pleie- og omsorgseininga var best både på pris og kvalitet, fortel Geir Engelsen.
Jubelen sto i taket på kontoret til fagforeininga då det blei klart at kommunen sitt eige intern-anbod var det best i konkurransen om å få driva den "private" delen av Luranetunet.
– Dette har eg venta på i fleire år. I dag er det ein gledens dag, seier hovudtillitsvalt i Fagforbundet Jonny Christensen.
– Det er òg ein lykkesdag for dei tilsette i Aleris, som no blir tilsett i kommunen og får dei same arbeids-, løns- og pensjonsvilkåra som dei andre i kommunen.
Nettopp løn, sjukeløn og pensjonsvilkåra var årsaka til at Fagforbundet tok ut sine medlemmar tilsett i Aleris i streik i fjor haust.
– Vore nøye på habilitet
Kommunalsjef Geir Engelsen leiar avdelinga som har hatt ansvaret for vurdering av anboda.
– Vi har vore utruleg merksame på å unngå habilitetsproblem.
– Difor har det vore klare skilje mellom pleie- og omsorg som har levert det kommunale tilbodet, og mi avdeling som har vurdert dei fire tilboda, presiserer Engelsen.
Dei fire tilbydarane var Norlandia Care (som hadde drifta i byrjinga), Aleris Omsorg (som har hatt drifta dei siste åra), Attendo Care og Os kommune.
– I tillegg til desse klare skilja har dei fremste advokatane på lov om offentlege anskaffingar hos kommuneadvokaten overvaka det heile.
Best på pris og kvalitet
Engelsen fortel at kriteria tilboda blei vurdert ut frå var pris og kvalitet.
– Dei telte 50/50 kvar.
– Os kommune sitt tilbod var best på begge, stadfestar Engelsen.