Kommunen tilbyr lokale til Os allmennpraksis
Tilfører også to nye fastlegeheimlar for å auka samla kapasitet i kommunen.
I vinter blei det kjent at Nav Bjørnafjorden flyttar frå Bjørnegården til Os Næringspark.
Nav skal inn i både lokala Metro heldt til i og lokala der Os allmennprasis har i dag.
Midtsiden fekk ikkje tak i nokon ved Os allmennpraksis då avtalen blei kjent, i forsøk på å finna ut kva som var deira plan vidare. Men til Os & Fusaposten gav ein av dei tilsette uttrykk for at meldinga kom brått på.
Huseigar Espen Aspenes fortalte til Midtsiden at han i ei årrekkje har prøvd å få til ein leigeavtale på meir enn eitt år med legekontoret, utan hell.
No går det likevel mot ei løysing.
Kommunen leige i sentrum
Bjørnafjorden kommune har inngått avtale med Bjørnegaarden AS om leige av lokale til legekontor i Brugata, opplyser kommunen på eiga heimeside i dag.
Kommunen leiger det som i dag er mottaket til NAV Bjørnafjorden.
– Vi har også signert kontrakt med legane ved Os allmennpraksis om at dei skal leige dette lokalet av oss dei kommande åra, seier kommunedirektør Christian F. Fotland.
Det pågår no arbeid med å etablere eit mellombels NAV-mottak, slik at ombygging til legekontor kan starta snarast.
Utvidar med to nullheimlar
Samstundes får Os allmennpraksis tilført to nye fastlegeheimlar, sokalla nullheimlar, slik at den samla fastlegekapasiteten i kommunen aukar.
Ordførar Trine Lindborg (Ap) takkar samtidig administrasjonen for innsatsen med å finna ei løysing for legekontoret.