Komfortabel siger over Eid
Os tok ein fin siger over Eid på bortebane.
Trenar Kenneth Husebø fortel at Os rykte kjapt ifrå og tok leiinga resten av kampen.
– Vi tok tidleg leiinga og gjekk til pause med ei seks måls-leiing 18 - 12. I byrjinga av andre omgang auka vi leiinga ytterlegare, før vi slapp dei litt innpå oss igjen.
Mange utvisingar
– Halve andre omgang spelte vi med ein spelar mindre. Men eidarane er tøffe og jobbar godt på, det skal dei ha. Så heile kampen jobbar og kjempar begge lag. Det er litt knokkelkamp i grunn. Begge lag er skikkeleg motiverte for å vinna.
– Det var mykje publikum i salen og god stemning. Og eg er strålande fornøgd med kampen. Hadde vi tapt denne hadde vi risikert nedrykk. Vi var uheldige i desember og januar med mange skadde spelarar, men no er vi igjen fullt lag, i tillegg til at Isak Røen og Arne Haugland er komne tilbake.
Eid – Os 25 - 31 (12-18)
Os: Einar Godø, Hans Brunvatne, Jørgen Wold 6, Trygve Lerch Dahl, Ole Olsen, Nils Hamre, Mats Brunvatne 1, Isak Røen 7, Ove Lyssand 2, Bendik Oen, Arne Veim Haugland 12, Peder Lyssand, Joakim Blostrupmoen 2 og Håvard Bjørnør.
På lading
No skal laget lada opp til ny kamp mot tabelltopp Gloppen i Trivselshagen i morgon.
– Då skal vi trøkke til, så satsar vi på at det går bra. Vi skal i alle fall gjera så godt vi kan, avsluttar ein nøgd Husebø.