– Kom og sjå!
Laurdag inviterer Arne Monsen og dei andre på brannstasjonen til ope hus. – Det er jo osingane som har betalt for stasjonen, så då må dei få sjå den, smiler varabrannsjefen.
Sidan beredskapsbygget på Moberg blei overtatt av Os kommune den 12.12.12 har interessa for nye brannstasjonen vore stor.
– Seinast på sundag då Lyshornet Brass hadde konsert i vognhallen med påfølgande omvisning, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Vil visa fram huset
No gler han seg saman med varabrannsjef Arne Monsen og dei andre tilsette i brann-, redning- og beredskapseininga til å visa osingane korleis dei har fått det på Moberg.
– Frå 11 til 14 laurdag er alle hjarteleg velkomen for ei omvisning.
– Vi står klare til å fortelje om bygget og om verksemda vår. Har folk spørsmål om nokre av dei tinga vi driv med så er det berre å stilla dei. Vi skal freiste å svare så godt vi kan, seier brannsjefen.
– Det kan vera alt frå feiing, til korleis vi sløkker brannar og korleis ein sjølv kan hindra brann, eller bør få fyr i grillen, supplerar varabrannsjef Monsen.
Også legevakta sine lokale vil vera opne om det ikkje er pasientar til behandling.
Ikkje som på hausten
Den opne dagen må ikkje forvekslast med brannvernveka som arrangerast kvar haust.
– Ungar er sjølvsagt velkomne dei òg, men det blir eit litt anna opplegg enn det folk har vore vant med frå gamle stasjonen.
– Vi kjem til å rulle ut ein brannslange som ungane kan få prøva, og om dei vil freista å skli ned brannstanga skal dei få lov til det òg, men ein tur i brannbil blir det ikkje denne gongen.
– Bilane og anna utstyr vil vera utstilt, så det skal bli rikelege moglegheiter til å få sjå dei også på nært hald.
– Gå, om du kan
Dei to brannmenna er litt uroa over parkeringstilhøva om det kjem mykje folk.
– Vi vil oppfordra dei som bur i nærleiken å nytte beina opp her.
– Parkeringa ved Kiwi må nesten butikken få ha i fred sidan det er lørdag og den er open, så dei som kjem med bil må parkera inne på området rundt brannstasjonen. Vi kjem til å ha parkeringsvertar som viser kor ein kan parkera, følg anvisningane frå desse, oppfordrar Gjøsund og Monsen.