Lokal | 24. mars 2017

Kollisjon på Byvegen

To personar er køyrd til legevakt for sjekk etter påkøyrsle bakfrå ved krysset mellom Byvegen og Giskavollen.

Kollisjon på Byvegen
Ingen såg ut til å vera skadd, men begge bilførarane blei sjekka på staden og skal i tillegg til legevakt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mars 2017 09:02

Bildeserie:

Bilane blei tatt inn på ei busslomme så resten av morgontrafikken kunne halda fram. (Foto: KVB)
Bilane blei tatt inn på ei busslomme så resten av morgontrafikken kunne halda fram. (Foto: KVB)
Den fremste bilen fekk mindre skader. (Foto: KVB)
Den fremste bilen fekk mindre skader. (Foto: KVB)
Begge bilane kunne køyrast frå staden, den bakerste til nærmaste p-plass. (Foto: KVB)
Begge bilane kunne køyrast frå staden, den bakerste til nærmaste p-plass. (Foto: KVB)
1 av 3

Fredag i 8.15-tida kom det melding om kollisjon på Byvegen. Politi, ambulanse, lege og brannvesen rykte ut til ulykka, som var ved Jordmorsvingen.

Begge bilane hadde retning sør, mot Os sentrum, då den eine køyrde i den andre bakfrå.

– Det var éin person i kvar bil. Dei framsto som uskadd, men blir køyrd til legevakt for sjekk. Førar av den bakerste bilen, ei kvinne, er ganske rysta av hendinga, opplyser politiet på staden.

Bilførarane var edrue og hadde førarkort.

– Det er førebels ikkje tatt beslag i førarkortet til nokon, men det kan bli aktuelt.

Begge bilane blei raskt tatt inn på busslomma ved Os Næringspark, så resten av morgontrafikken gjekk som før.

Den bakerste bilen var mest skadd, men ikkje verre enn at den kunne køyrast nokre meter til ein parkeringsplass i nærleiken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.