Lokal | 17. jan. 2016

Kolliderte med autovernet

Politiet siste døgn: Funn av narkotika, søk etter sakna mann, trafikkulykke i Kolskogen og ei kvinne som ikkje hadde skrapt frontruta godt nok.

Kolliderte med autovernet
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 17. jan. 2016 09:32

Laurdag på dagtid fann politiet narkotiske tablettar under ransaking på ei privat adresse.

Ein mann i 30-åra er mistenkt og det er oppretta sak. Vedkomande blei ikkje pågripen då det er snakk om mindre mengder.

Søkte etter mann i 60-åra

Ein mann i 60-åra, som er dement, blei meldt sakna i går.

– Etter rundt ein time blei han funnen gåande langs vegen, opplyser vakthavande ved Os lensmannskontor.

Køyrde i autovernet

Klokka 23.42 fekk politiet melding om trafikkulykke i Kolskogen. Om lag samtidig fekk Midtsiden tips om at ein bil hadde kollidert nær krysset mellom Industrivegen og Os vgs, for så å stikka av.

– Det er ikkje notert noko forsøk på avstikk i loggen. Patruljen rykte ut og snakka med bilførar, som var uskadd og edru. Det er ikkje oppretta sak.

Fekk forelegg grunna is på frontruta

I Os sentrum blei ei kvinne stoppa seinare på natta, klokka 03.19.

– Ho hadde ikkje skrapt frontruta godt nok og hadde dermed for dårleg sikt. Førar fekk forenkla forelegg.

– Du risikerer å bli meldt og å mista førarkortet om du køyrer bil med for mykje is på ruta, åtvarar politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.