Køen på retur
Omlag klokka 18 var køen på topp og strekte seg til kontrollsona på Moberg. Litt etter klokka 20 var køen praktisk talt vekke.
Politiet gjekk tidlegare i veka ut og åtvara mot at det kan bli store køar på E39 mot Halhjem grunna pinseutfart og handballfestivalen på Stord.
I fjor var ferjekøen heile 5 kilometer på det verste. Kor tid den blir verst i dag er ikkje godt å seia, men vi hjelper deg med å halda oversikta.
Oppdatert kl 20.35: Det er no ikkje kø lenger på Halhjemsvegen.
Oppdatert kl 19.25: Køen er no på retur og strekk seg til om lag Lunde/Lekven. Framleis må ferjereisande smørja seg med tolmod.
Oppdatert kl 18.30: Eit mindre trafikkuhell skal ha skjedd i køen mellom Lepsøykrysset og Moberg. Det er uvisst kva som har hendt, men det skal ikkje ha skapt større problem.
Oppdatert kl 18.00: Køen startar ved den gamle kontrollsona mellom Lepsøykrysset og Moberg. Fire kilometer frå Halhjem ferjekai. Truleg nærmar ein seg no toppen denne pinseutfarten.
Oppdatert kl 17.49: Bussar som skulle levera handballspelarar til Handballfestivalen på Stord på ferja brukte ein og ein halv time frå Lunde og tilbake til Os, får Midtsiden opplyst.
Oppdatert kl 17.30: Køen til Halhjem strekk seg no dei vel 3 kilometerane til Lepsøykrysset. Samstundes har køen ved Tøsdalsskiftet minska mykje.
Oppdatert kl 17.00: Ventetida på ferja til Sandvikvåg er no på minst ein time.
Oppdatert kl 16.30: Køen står no to og ein halv kilometer frå Halhjem til forbi avkøyringa til Lekven og Lunde på E39.
Oppdatert kl 16.00: Det blir meldt om ca ein kilometer lang kø ved Halhjem. I tillegg går det sakte, tildels stilleståande frå Søfteland skule til rundkøyringa på Tøsdalsskiftet (Meny).
Her kan du sjå køen
Klikk her for å sjå korleis køen er akkurat no
Tenesten vi nyttar er Google Maps sin teneste for trafikkflyt. Den blir oppdatert ved at telefonen til dei som er ute og køyrer automatisk deler gps-opplysingar med Google.
Dei kan dermed automatisk rekna ut kor fort trafikken flyt på ulike stadar.
Grøn er rask trafikk, mørkeraud er langsam/stilleståande.
Vi følgjer trafikken
Midtsiden kjem i tillegg til å overvaka trafikken meir manuelt og oppdatere denne saka ved spesielle hendingar.
Er du ute i trafikken så send oss gjerne ei melding eller bilde om situasjonen der du er. Send på mobil 479 06 111 eller andris@midtsiden.no
Les òg: – Stopp ferjekøen ved kafeen!