Lokal | 22. feb. 2016
Kø og kollisjonar
Nedbøren i natt har i morgontimane ført til kø og stengte vegar i regionen.
Cathrin Valestrandmåndag 22. feb. 2016 09:25
Mellom Os og Bergen går det seint i trafikken, og i Åsane er E39 stengt etter ein kjedekollisjon med over 60 involverte bilar, melder Bergens Tidende.
Torunn Paus på teknisk vakt i Os, seier at vegane i Os stort sett har vore greie i morgontimane.
– Eg har ikkje fått nokon sinte telefonar, så det må jo vera bra. Vi har hatt alt tilgjengeleg mannskap ut og strødd og salta i natt. Det er i hovudsak sidevegane som har vore litt glatte, elles har det gått veldig fint.