Lokal | 04. des. 2013
Knuste kiosken
– Eg trur dei fekk med seg noko cola, seier Hans Parnefält etter innbrotet på Kuventræ.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. des. 2013 22:58
Natt til onsdag har det vore innbrot på Kuventræ.
– Nokon har knust delar av døra for å ta seg inn, fortel dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält.
I tillegg til skadeverk på døra er den eine luka i kiosken knust.
– Det er ikkje verdisaker i kiosken, det ser ut som om noko cola er einaste gevinsten til tjuvane.
– Men det er tydeleg at vi må sikra Kuventræ betre, for det er nokon som vandrar i området utan sporty ærend, fortviler han.
I vår blei det stole ein projektor frå klubbhuset på Kuventræ.