Lokal | 27. okt. 2015

Knuste døra med bil for å gjera innbrot

Joker Søfteland har blitt utsett for nok eit innbrot. I natt knuste nokon seg inn i butikken ved å køyra ein bil gjennom inngangsdøra.

Knuste døra med bil for å gjera innbrot
Politiet held tysdag morgon på med undersøkingar på åstaden (foto: KVB)
Andris Hamretysdag 27. okt. 2015 08:27

Bildeserie:

Politiet er no på staden for å sikra spor. (Foto: KVB)
Politiet er no på staden for å sikra spor. (Foto: KVB)
Tjuvane tok seg inn ved å køyra ein bil gjennom inngangsdøra. (Foto: KVB)
Tjuvane tok seg inn ved å køyra ein bil gjennom inngangsdøra. (Foto: KVB)
Tobakkshylla er nesten heilt tømt. (Foto: KVB)
Tobakkshylla er nesten heilt tømt. (Foto: KVB)
– Det største tapet er nok den skadde døra, seier butikksjef Petter Knudsen. (Foto: KVB)
– Det største tapet er nok den skadde døra, seier butikksjef Petter Knudsen. (Foto: KVB)
1 av 4

Klokka 01.15 fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrd gjennom inngangspartiet til Joker på Søfteland.

– Det er stole sigarettar. Patruljen leiter etter ein liten svart bil, meldte operasjonssentralen på Twitter.

Dette er ikkje første gangen nokon har tatt seg inn i butikken på Søfeland utanom ordinær opningstid. To gonger i 2012 tok tjuvar seg på spektakulært vis inn i butikken. I mars knuste dei seg gjennom veggen ved hjelp av spett og vinkelkuttar og fekk med seg varer for omlag 60 000 kroner.

I oktober same år skjedde det på nytt. Tjuvar slo seg gjennom veggen og inn i butikk-lokalet og fekk denne gongen med seg sigarettar for 140 000 kroner.

Også i 2014 blei same metode brukt for å koma seg inn i butikken og ta med seg sigaretter.

Skader på bilen

Ifølgje BT.no leiter politiet etter ein Ford Escort.

– Av omsyn til etterforskinga ønskjer vi ikkje å seia noko om biltypen på det noverande tidspunktet, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

– Det vi derimot ønskjer er at folk som har vore i området rundt det aktuelle tidspunktet kontaktar oss på telefon 56 30 39 00.

– Vi er interessert i alle tips, også frå dei som meiner dei ikkje har sett noko i området rundt Jokerbutikken klokka 0115 i natt.

Politiet er no på staden for å sikra spor.

– Eg har førebels ikkje oversikt over verdien av det dei har fått med seg, avsluttar Hadler-Olsen.

Fortvilt butikksjef

Butikksjef Petter Knudsen fortviler over innbrotet.

– Det er uvisst kva meir enn tobakk dei har fått med seg, men det største tapet blir nok uansett inngangsdøra dei har øydelagt, seier han til Midtsiden.

Vitne såg det heile

Eit vitne opplyser til BT at innbruddstjuvane rygga inn i butikken.

– Alarmen gjekk i ca fire minutt. Dei rygga inn i butikken og kom springande ut igjen.

Det skal ha vore to menn som deltok på innbrotet ifølgje vitnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.