Knuste botnlaget
Os leika seg borte mot Sotra 2 og to 16-åringar fekk fleire nettkjenningar.
Os sitt herrelag var suverene borte mot botnlaget Sotra 2 laurdag.
Sotra 2 hadde tapt alle dei ni kampane før dei tok imot Os og det blei tidleg klart kven som skulle ta poenga i går òg.
Sotra 2 - Os 15-31 (9-17)
– Vi fekk svak motstand, men jobba heldigvis godt likevel.
– I forsvar var vi godt organisert og vi fekk ei god gjennomkøyring på ting vi har vore svake på tidlegare i sesongen, ikkje minst overgangar, seier trenar Kenneth Husebø.
Skåra i debuten
Ludvig Egge Drange, som debuterte førre helg, ei veke etter 16-årsdagen, fekk meir speletid denne helga.
– Han var frisk og uredd og skåra fleire mål, eg trur det blei tre nettkjenningar på Egge Drange, om ikkje eg hugsar feil.
Også denne helga var det duka for ein debutant.
– Bendik Oen fekk sin første seniorkamp og skåra to.
Neste kamp går heime mot Bjørnar 2, som ligg to plassar bak Os på tabellen.