Lokal | 31. okt. 2013

Knuste 5 timar gamal BMW

I dag henta han seg ny bruktbil, i kveld kjørte den unge føraren i hekken på ein Suzuki.

Knuste 5 timar gamal BMW
Den bakerste bilen, ein bruktbil som blei henta av ny eigar i dag, blei stygt skadd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. okt. 2013 22:33

Torsdag i 21.30-tida kom melding om trafikkulykke på Byvegen ved Jordmorsvingen rett nord for Os sentrum.

Ein BMW hadde kjørt på ein Suzuki bakfrå. Det sat tre kameratar i BMW-en, to vaksne kvinner i Suzuki-en.

Ingen skal vera alvorleg skadd etter ulykka, men ei vaksen kvinne er frakta til legevakt for sjekk.

Begge bilane blei skadd, men det var den bakerste det gjekk hardast utover.

– Bilen blei henta i dag, den var knallfin. Dette var utruleg kjipt for eigar, seier ein av passasjerane i BMW-en.

Kvinna som kjørte i Suzuki-en fortel at ho kom ned frå Jordmorsvingen og rekna med at ho hadde god klaring då ho la seg inn på Byvegen retning nord.

– Men eg hadde berre kjørt nokre få meter før det small, seier ho.

Politi og brannvesen er på staden. Ulykka har ikkje skapt trafikale problem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.