Knust før NM
– Vi held trøkket oppe fram til seriestart, men lager ein liten formtopp til NM-kampen måndag, seier Lysekloster-trenar Thomas Sandal.
Måndag kjempar Lysekloster om å ta seg til NM for første gong. Laget, som har rykt opp frå 7. til 3. divisjon på 4 år slo Valestrand Hjellvik 3-0 i første kvalifiseringsrunde og tar imot Øystese, som slo Odda 3-2, på heimebane med kampstart klokka 15.00.
– Det er stas med NM, men det kjem eigentleg litt i vegen for oppkjøringa vår, seier hovudtrenar Thomas Sandal.
– Det blir ein lang sesong på oss i år så vi ville i utgangspunktet ikkje sleppa opp før tett oppunder seriestart. Men vi slepp litt opp på tampen av veka, sa Sandal under treninga måndag.
Etter intens speleøkt med eitt og to touch i oppvarminga var det Start-testen på spelarane.
– Alle har fått betre kondis
– Denne kom brått på, og eg som har ete ein litt tung middag i dag, sa kaptein Johannes Jordal.
Testen, som Tom Nordlie kjørte med spelarane då han trente Start, går ut på å springa 30 meter, snu og springa tilbake, og halda fram i 7 minutt.
Så er det om å gjera å klara flest 60-meterssløyfer på desse 7 minutta.
– Vi har kjørt denne fleire gongar i vinter. Dei ligg mellom 27 og 28 rundar. Bestemann klarer 29, men i dag blei det 28 3/4, fortel dagleg leiar Ørjan Sandal.
– Det var kondisjon vi hadde mest å henta på og vi har bygd oss godt opp i vinter, heile stallen har fått mykje betre kondis, seier Jordal.
Imponert over opplegget
Tidlegare Os- og Nore Neset-spelar Martin Eidsvik gjekk til Lysekloster i vinter.
– Eg har trent med Ørjan på Mallorca før, og veit kva han står for. Og eg må seia eg er imponert over oppfølginga med Thomas Sandal og Torbjørn Birkelund.
– Sjølv starta eg på null då eg kom til Lysekloster etter 4 månadar utan fortball, at eg skulle klara å halda 90 minutt på dette nivået så kjapt hadde eg ikkje trudd. Det er rett og slett deilig å koma i form igjen, synes han.
Kim Kleivedalen, som har ei målrik karriere i Gneist bak seg, har også gjort det godt på topp for Lysekloster.
– Det er eit veldig seriøst opplegg til å vera i 3. divisjon, men eg trivst godt, seier Kim før starten på Start-testen, måndagen før andre kvalifiseringskamp i NM.