Politi | 26. feb. 2024
Knivstikkinga: Opnar Ung Arena i dag
– Alle som vil kan koma innom. Politiet kjem truleg òg.
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. feb. 2024 11:50
– Ung Arena held ope for ungdom i dag, opplyser ordførar Terje Søviknes.
Ung Arena er open frå klokka 12 til 16 måndag, for dei som vil samlast eller prata etter knivstikkinga i Os sentrum søndag kveld.
Politiet vil truleg òg koma innom.
– Det er ei alvorleg sak, og det er sjølvsagt noko som gjer inntrykk på oss i kommuneleiinga. Vi har fokus på familien til fornærma og på ungdomane som var tettast på hendinga. Dei vil bli følgd opp av våre folk i dag, sa Søviknes til Midtsiden tidlegare i dag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.