Lokal | 20. juli 2013

Knekt bom og knust rute

Fredag og natt til laurdag ha politiet blant anna rykt ut til Halhjem, Vargavågen, Os ungdomsskule og Søfteland. Éin er kjørt til overnatting i arresten.

Knekt bom og knust rute
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 20. juli 2013 10:28

I 14-tida fredag fekk politiet melding om utlendingar som gjekk på dørene i Hegglandsdalen og spurde etter skrapmetall.

– Vi rykte ut og sjekka både bil og folk grundig. Bilen var full av skrapmetall og dei såg ut til å ha sitt på det tørre, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Småstein førte til nesteulykker

I 14.30-tida i går rykte politiet ut til Halhjem.

– Det låg ein haug med grus og småstein i vegen, noko som førte til at bilistar måtte bråbremsa og fleire heldt på å kjøra i kvarandre.

Politiet dirigerte trafikken på staden til Mesta kom og rydda opp. Vegen var opna igjen klokka 15.07.

Knekt bom og knust rute

Os Båtklubb, som har klubblokale og hamn i Vargavågen, meldte i 22-tida frå om knekt bom inn til eigedomen.

– Bommen blei øydelagt natt til fredag. Førebels skal det ikkje sjå ut som om det har vore meir skadeverk eller forsøk på tjuveri frå klubben eller hamna, men vi kjem til å patruljera meir hyppig i området til ny bom er på plass.

Litt før klokka 23 meldte ein vektar frå om knust rute på Os ungdomsskule.

– Det var ikkje folk inne på skulen. Vi sikra oss spor i form av blod på den knuste ruta.

Mann i arresten

I 2.30-tida natt til laurdag blei det meldt om ein uønska gjest utanfor eit hus på Søfteland.

– Ein mann var utanfor eit hus der han ikkje var velkomen. Mannen, som er i 30-åra, var rusa og blei kjørt til Bergen for overnatting i arresten.

På same tid fekk politiet melding om støy frå fest på Skeisstøa og naboar som ikkje fekk sova.

– Vi fekk ikkje tid til å følgja opp, men vil oppmoda folk som er på fest i det fine sommarvêret om å ta omsyn, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.