Knallgodt forsvar
Søre Neset Volleyball tok måndag sin femte strake siger etter å ha slått Risnes 3-0.
Søre Neset-jentene held fram med å finna kampane i volleyballen sin 3. divisjon. Måndag tok dei i mot Risnes til oppgjer i Oshallen.
– Det blei ein jamn kamp, kor vi aldri var trygge, fortel trenar Morten Erikssen.
Søre Neset - Risnes 3-0 (25-19, 25-21, 25-23)
Volleyball-jentene tok føringa i første sett med å vinna 25-19.
– Settet var jamnare enn resultatet tilseier.
– Risnes spelte bra og vi fekk aldri roen.
– Heldigvis kjempar jentene godt i forsvar og gav seg aldri.
– Det var nøkkelen til sigeren i går, fortel Erikssen.
Manglar litt slagstyrke
Forsvarspelet til Søre Neset har blitt ein viktig faktor for å vinna kampane.
–Vi manglar spelaren på over 1.80 som berre kan gå opp og dunka inn poeng for oss.
– Det gjer at vi er avhengige av å få to tre angrepssjansar for å plukka poeng.
Møter favorittane
Allereie sundag får Søre Neset ei hard nøtt å knekka når dei møter BSI 2 på bortebane.
– Det blir tøft.
– Dei har enno ikkje tapt eit einaste sett og består av fleire spelarar med eliteerfaring.
– BSI 2 rykka ned frå andre divisjon i fjor og har som mål å rykka rett oppatt, men om jentene våre gjev alt, så trur eg vi skal gje dei god kamp.
Tre om to plassar
Det er i følgje Erikssen tre lag som kjempar om dei to opprykksplassane. BSI 2, Nyborg 2 og Søre Neset.
– I tillegg er Kvernbit ein outsider.
– Vi har ikkje som mål at vi må rykka opp, men har lyst å gjera gode prestasjonar i kvar kamp, så får vi sjå kor langt det rekk, avsluttar Morten Eriksen.