Knalldebut av Simen
Simen Lassen fekk ein heil omgang for A-laget til Brann, som slo Hovding heile 14-0 i dagens NM-runde.
Osingen Simen Lassen debuterte for Brann onsdag kveld. Lassen kom innpå i 46. minutt og fekk ein heil omgang mot 4. divisjonskluben Hovding, som var sjanselause i 1. NM-runde.
Hovding - Brann 0-14 (0-5)
– Simen var aktiv, framoverretta og har eit svært godt blikk, synest utviklingssjef i Brann, Rune Soltvedt.
– Det var veldig gøy å få spela med A-laget, og at det blei ein heil omgang i ein kamp der vi var så suverene. Det førte til at det blei mange involveringer for meg også, seier Simen til Midtsiden onsdag kveld.
Simen kom inn for Tomasz Sokolowski i 46. minutt.
På Brann.no kan du sjå alle dei 14 (!) skåringane.
Lassen er førebels i Brann 2-stallen, der seriestarten blei utsett grunna dårlege baneforhold.
Sjølv om han ikkje fekk Tippeliga-motstand å bryna seg på i dag synest han det var veldig kjekt å debutera på A-laget.
– Eg har berre trent med A-laget nokre få gongar, så det var stas å spela i dag.
Mål: 0-1: Henrik Gjesdal (5.), 0-2: Kristoffer Barmen (12.), 0-3: Bård Finne (14), 0-4: Kjetil Kalve (24.), 0-5: Barmen (42.), 0-6: Kalve (50.), 0-7: Vasiliy Pavlov (straffe 53.), 0-8: Kristoffer Larsen (61.), 0-9: Finne (64.), 0-10: Barmen (74.), 0-11: Finne (83.), 0-12: Finne (87.), 0-13: Larsen (89.), 0-14: Larsen (90.)
Hovding (4-3-3): Tom Larssen - Aleksander Valsvik, Erik-Andre Grønner, Thomas Mørk, Preben Næss - Stian André Sørensen, Kristian Pettersson (Magnus Haukeland fra 65.), Alonso Nunez (Oliver Iversen fra 65.) - Aleksander Dang, Rohan Rørvik, Jonas Hodne (Christoffer Brekke fra 46.).
Brann (4-4-2): Jørgen Mohus - Kasper Skaanes, Jonas Grønner, Henrik Gjesdal, Hassan El Fakiri (Andreas Vindheim fra 35.) - Kjetil Kalve, Kristoffer Barmen, Tomasz Sokolowski (Simen Lassen fra 46.), Fredrik Nordkvelle (Kristoffer Larsen fra 46.) - Bård Finne, Vasiliy Pavlov.