Kløver og Skarre R til ny ungdomsfestival?
Oseana og Kickstart Management søkjer KUP-midler for å laga rusfri ungdomsfestival med lokale band supplert av artistar som Kløver og Skarre R, Patrick Jørgensen og Raylee.
1. mars gjekk fristen for å søkje om dei kommunale KUP-midla ut. Ei rekkje frivillige lag og organisasjoner, privatpersonar og kommunale føretak håper å få eit bidrag til å skapa ny aktivitet.
Blant søkjarane er Oseana i samarbeid med Kickstart Management som ønskjer å få til ein minifestival for ungdom.
– Oseana Kunst og Kultursenter har lenge hatt eit ønskje om å utvikla eit ungdomsprosjekt i Os. Som kommunalt kultursenter har vi eit ansvar som tilretteleggar for ungdomssegmentet, noko som inngår i Oseana si formidlingssatsing.
– Vi ønskjer at ungdom ikkje berre skal høyre på, men òg delta i prosessen, skriv Oseana i søknaden.
Difor har dei etablert eit samarbeid med Kickstart og Jørgen Bertelsen som i ei årrekke har utvikla ungdomsarrangement for og med ungdom i ulike lokalmiljø.
Rusfritt i samarbeid med lokale krefter
Oseana og Kickstart ønskjer eitt tett samarbeid med lokale krefter og ungdommen sjølv.
– Det vil bli oppretta ei prosjekt/arbeidsgruppe som består av ungdom i musikkmiljøet som vil vera med på planlegging, promotering og gjennomføring av prosjektet. Dei vil vera delaktige i scenebygging, billettsal, artistar, bakscene, kiosk og servering.
– På denne måten håpar vi at ungdommen sjølv vil vera med på å utvikla og eige arrangementet som vil håper kan bli ein årleg tradisjon.
Kombinasjon av lokale band og kjende artistar
Kickstart stiller med artistar som Kløver og Skarre R, Patrick Jørgensen, 7 Days In Alaska, Raylee og Infinity.
– Vi ser for oss at arrangmentet skal gjennomførast ved skuleslutt i juni. Nøyaktig dato er ikkje på plass.
– Programmet vil bestå av artistar frå Kickstart saman med lokale band frå Os. Os kommuen har gode øvingsfasiliteter i musikkbinger og det er naturlege å plukke ut band derfrå i samarbeid med lokale krefter, skriv Oseana i søknaden der dei søkjer om 110 000 kroner i tilskot fra KUP-midla.