Kultur | 21. okt. 2013

Klipte snora på Søfteland

To serbiske designarar blei hylla då den nye, fargerike fasaden på Søfteland skule i dag blei avduka.

Klipte snora på Søfteland
Elevrådsformann Lena frå 7. klasse klipte snora framfor det nye maleriet på Søfteland skule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 21. okt. 2013 14:51

Bildeserie:

Søfteland skule har fått ny fasade. (Foto: KVB)
Søfteland skule har fått ny fasade. (Foto: KVB)
Elevane frå 1. til 7. klasse var i dag samla for "avduking". (Foto: KVB)
Elevane frå 1. til 7. klasse var i dag samla for "avduking". (Foto: KVB)
Vilde Haugland Kristiansen song Wake me Up av Avicii. (Foto: KVB)
Vilde Haugland Kristiansen song Wake me Up av Avicii. (Foto: KVB)
Rektor Line Marie Aarbakke. (Foto: KVB)
Rektor Line Marie Aarbakke. (Foto: KVB)
Elevane følgte nøye med. (Foto: KVB)
Elevane følgte nøye med. (Foto: KVB)
Kunstnarane Natasja og "Dole". (Foto: KVB)
Kunstnarane Natasja og "Dole". (Foto: KVB)
1 av 6

Verken under arbeidet eller etter at det i førre veke sto ferdig, har fasaden mot E39 vore dekka til.

Likevel hadde Søfteland skule i dag ei formell og fin "opning" av det store, kledelege måleriet som no pregar veggen opp mot Byvegen.

– Det glapp ut av meg etter at vi hadde brukt rundt 800.000 kroner på oppussing av skulen, at på denne veggen skulle vi ha fått nokre street-paintere til å slå seg laus, seier Dag Søfteland frå teknisk drift i Os kommune.

Inspektør Hilde Drange Veglo tente på ideen, og kontakta nokre utanlandske designarar ho kjenner frå før.

Serbiske strekar

Dusan "Dole" Mihailovic, som nyleg er engasjert av det lokale reklamebyrået MacBox AS, og kjærasten Natasja Manov, som har bakgrunn innan klesdesign, står bak maleriet.

– Til å forma skissene har eg hatt med meg ein tidlegare studiekamerat frå Serbia, fortel Dole, som saman med Natasja brukte cirka to og ei halv veke på maleriet.

Natasja budde og jobba i Os midt på 2000-talet, då ho studerte skandinavisk språk og litteratur. No har ho også tatt grafisk utdanning i tre år, og kome tilbake i Noreg, saman med kjærasten, på jakt etter jobb.

– Det er ikkje særleg god marknad for designarar i Serbia, eg trur og håper Noreg er blant dei som er betre på dette.

– Natasja har, etter å ha tatt to ulike utdanningar, designa eigen klede som har selt greit på messer i Tyskland og Nederland. Men no vil vi begge prøva oss i Noreg.

– Vårt kjenneteikn mot vegen

Line Marie Aarbakke, som byrja som rektor ved Søfteland skule i haust, såg ut til å vera svært nøgd med den nye fasaden.

– Dette er vi veldig stolt over. No har vi fått eit nytt kjenneteikn ut mot vegen, det har blitt endå tydlegare at bygningen er ein skule.

Elevane frå 1. til 7. klasse var samla på seremonien, ved skulen som frå neste år er rein barneskule.

Men det kom bidrag frå ungdomsskulen, som var representert ved den talenfulle vokalisten Vilde Haugland Kristiansen.

Vilde song Wake me Up av Avicii, akkompagnert av gitarmusikk, før elevrådsformann Lena frå 7. klasse klipte snora.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.