Samferdsle | 08. jan. 2022

– Klink is fleire stadar

– Vi har salta for fullt frå klokka 17.

– Klink is fleire stadar
Fint føre over Fanafjellet i kveld, men svært glatt fleire andre stadar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 08. jan. 2022 17:36

Laurdag formiddag regna det i Os, i ettermiddag kom det frost.

Fleire bilistar har kontakta oss og fortalt om svært isete forhold på fleire sidevegar.

– Vi har fått ein del telefonar vi òg, seier Marius Næss i Vegtrafikksentralen.

Ulven er blant stadane det har kome melding om.

– Det var verst frå klokka 17 til 18. No har det roa seg litt.

Han fortel om salting for fullt frå klokka 17.

– Dei rekk ikkje alle stadar på same tid, men har nok kome rundt til dei fleste stadar no, seier Næss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.