Kultur | 05. mars 2013

Klatremus kjem tilbake

I mai kjem Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen tilbake til Oseana. - Vi var ikkje i tvil då Fyllingsdalen teater ville setja opp framsyninga hos oss, seier Berit Steen.

Klatremus kjem tilbake
Fyllingsdalen Teater kjem med Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen til Oseana (pressebilete)
Andris Hamretysdag 05. mars 2013 11:00

Då riksteateret vitja Oseana 31. januar med Dyrene i Hakkebakkeskogen var det fulle hus og stor jubel. Jubla gjorde ikkje dei mange som var for seine med å skaffa seg billettar den gong då. No får dei ei ny sjanse når Fyllingsdalen Teater kjem med si sukessrike tolkning av det folkekjære Egnerstykket.

- Fyllingsdalen teater spelte dette stykket i fjor haust, i samband med Egner sitt jubileumsår.

- Dei hadde stor suksess, over 5.000 publikummarar såg stykket og dei fekk strålande kritikkar i både Bergens Tidende og Bergensavisen, seier arrangementssjef Berit Steen.

Ikkje i tvil

Fyllingsdalen Teater set etter fleirfoldige oppfordringar no opp ekstraframsyningar av forestillinga på si eige scene i april og tek med seg oppsettinga til Os sundag 5. mai.

- Det var jo så mange som ikkje fekk billett sist, at det var ikkje tvil om vi skulle takke ja då Fyllingsdalen ynskte å vise stykket her, seier Steen, som gler seg til å gje folk sjansen til å oppleve Egner sitt fantastiske univers ein gong til.

- Dette er eit riktig så bra plaster på såret til dei som ikkje fekk sett det sist, meiner arrangementssjefen som oppmodar folk til å vera tidleg ute med å reservera billettar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.